DETTE FINNER DU PÅ INNEKLIMA.COM :
OM INNEMILJØ OG INNEKLIMA
EGEN BOLIG
SKOLER OG BARNEHAGER
YRKESBYGG
SYKDOM OG HELSEEFFEKTER
LUFTFORURENSNINGER
MÅLINGER OG ANALYSER
TILTAK
KONTAKT FOR INNEMILJØSPØRSMÅL
REGLER OG FORSKRIFTER
ØKONOMI
OM INNEKLIMA.COM

Helse i kvar planke

Denne nettsiden gjengir ordrett en aktuell artikkel i magasinet til avisen Bygdanytt i mai 2011 om tiltak for å mestre kjemisk miljøintoleranse/MCS. Den gjengis med tilatelse fra journalist Lars Sveinung Lid©'.

Husa våre inneheld kjemikaliar og miljøgifter. Alena Jula blei sjuk av inneklimaet og trengte eit hus som gjorde henne frisk. Det fekk ho. Lars Sveinung Lid bn@bygdanytt.no

Me omgjev oss med kjemikaliar kvar dag. Me smørjer dei inn i armholene om morgonen, pudrar dei på kinna i lunsjen og vaskar kleda våre med dei om kvelden. Kjemiske tilsettingstoff finst overalt, og me tenkjer lite på det. Slik er det ikkje for Alena. Ho toler ikkje kjemikaliar, og blir sjuk av parfymen din.

- Merkar du noko? spør me prøvande i døra.
- Ja, eg kjenner tøymjuknaren frå genseren din, fortel Alena og held seg på nokre meter avstand.
- Slike plagg må ofte vaskast mange gonger før kjemikaliane forsvinn. Men det skal gå bra, eg opnar nokre vindauge.

Me har dusja med spesialsåpe og vaska alle kleda våre i parfymefrie vaskemiddel, men glir likevel ikkje umerka inn i huset øvst i Eidefeltet på Valestrand.
Inne i huset er Alena, mannen Frank Erkelenz og dei to minste borna, Isla og July. Dei har to born til, men dei er på skulen.

- Som barn var eg plaga med allergi og eksem, fortel Alena. - Men ingen skjønte kva som var problemet. Etter kvart som eg blei eldre, blei det verre. Eg sleit med smerter i hovudet , svimmelheit, migrene og kvalme og hadde ofte infeksjonar. Kort og godt var eg sjuk meir eller mindre heile tida.

Men i 2005 kom eit vendepunktet. På internett fann ho informasjon om kjemisk miljøintoleranse, og fekk bekrefta denne diagnosen av ein lege. Ho slutta tvert med parfyme, og blei betre på ein augneblink.
Alena og Frank budde då i Tyskland, men dette året får Frank tilbod om jobb i eit norsk ingeniørfirma, og i året etter flytta familien til Sotra

. - Då eg kom vart eg undersøkt på nevrologisk avdeling på Haukeland, og dei kunne bekrefta at det var kjemisk miljøintoleranse eg leid av.
- Kva behandling var det snakk om?
- Eg fekk beskjed om å unngå miljøgifter så godt eg kunne
.

Alena måtte med andre ord fiksa problema sjølve. Vel, ikkje heilt sjølv – når alt er som svartast er det er greitt å vera gift med ein tysk tekniker. - Me leita etter ein stad å bu som ikkje gjorde Alena sjuk, fortel Frank. - Men alle hus er jo bygde med ein mengde miljøgifter, så om me var på aldri så mange visningar fann me ingen husvære Alena kunne bu i. Så me bestemte oss for å bygga eit sjølve. På Valestrand.

Det viste seg å vera enklare sagt enn gjort. Tomt fekk dei tak i, men ingen norske entreprenørar kunne levera eit hus fritt for miljøgifter. Til slutt måtte dei til Tyskland for å få hjelp. - Dei kom frå Tyskland med ferdige modular, og brukte fem dagar på å setja opp huset, fortel Frank. - Resten av arbeidet kunne me gjera sjølve saman med lokale entreprenørar.

No står altså huset der, fritt for miljøgifter og avgassar, men Alena sine problem er ikkje over av den grunn. Verda der ute er framleis full av kjemikaliar, og firebarnsmora kan ikkje gå på butikken, ta del i offentlege møte, eller gå på besøk til folk. I tillegg dreg familien og besøkande med seg lukter frå skule og arbeid, og dette er nok til å gjera henne sjuk.
- Også dei to eldste borna mine blir plaga av parfyme og kjemikaliar, om enn ikkje i like stor grad som meg, fortel Alena. - Skulen har no slutta med parfymerte vaskemiddel, luftspray, samt at parfymebruken frå dei tilsette er redusert. Det er ikkje meininga at elevar og vaksne ikkje skal kunna vaska og sminka seg, men det fins parfymefrie alternativ. Endringane frå skulen har uansett gjort kvardagen vår mykje betre. Me har hatt ein fin dialog med kommunen, og dei har tatt problema våre på alvor. Men framleis er det ein veg å gå før det blir heilt bra, og me er avhengig av at foreldre viser omsyn og ikkje let barna bruka parfymerte produkt.
- Kva gjer de i forhold til grannar og nærmiljøet?
- Me prøver å informera om sjukdomen, og ber folk ta omsyn.
- Og det gjer dei?
- Mange syner stor forståing, medan andre meinar at dette ikkje er deira problem.

Alena fortel om at fokuset rundt parfyme og kjemiske tilsettingstoff er mykje større i mange andre land. - Ta til dømes Canada. Her har det i fleire år vore forbod mot parfyme i alle skular, barnehagar, helsestasjonar og arbeidsplassar. Slike lover er ikkje berre av respekt for personar med astma, allergi og kjemisk miljøintoleranse, men har som hensikt å beskytta alle mot kjemiske gifter. Desse stoffa er ikkje gode for nokon av oss, sjølv om ikkje alle blir sjuke.
Alena er engasjert og ønskjer å utfordra samfunnet til å tenkja annleis rundt kroppslukter - Reklamen får oss til å tru at desse luktene er heilage vedundermiddel som gjer oss unike og spesielle. Som om me ikkje skulle vera det utan kunstige lukter? I parfyme fins det ofte tusenvis av ulike kjemikaliar. I dag fins det trygge parfymefrie alternativ når me skal handla sjampo, vaskemiddel og kosmetikk.
Alena dreg linene tilbake til 80-talet, når folk byrja å bli klar over farane ved passiv røyking, og trur at samfunnet vil oppleva den same oppvakninga når det gjeld parfyme. - Eg er ikkje handikappa. Eg kan springa og jobba, men kjenner meg ofte handikappa likevel. Eg ønskjer å oppfordra folk til å våga tenka nytt. Blir det tatt omsyn til barn og vaksne med kjemisk miljøintoleranse, astma, eksem og allergiar, vil mange få livskvaliteten tilbake. Me vil ha meir fornuft enn duft.

Om kjemisk miljøintoleranse

Kjell Aas er professor i barnemedisin, med over 300 vitskapelige artiklar bak seg. Han er spesialist i allergiar og har engasjert seg sterkt i helseplagene som Alena opplever. Me har spurt han om sjukdomen:
- Kva er kjemisk miljøintoleranse?

- Kort fortalt er dette ei miljøhemming. Det vil seia ei skjult, miljøavhengig funksjonshemming som skuldast genetisk eller erverva feilfunksjon i vår enormt samansette og kompliserte biokjemi.

- Kjemisk miljøintoleranse er ikkje ein godkjend diagnose i Noreg. Kvifor?
- Tilstanden har subjektive symptom og kan førebels ikkje diagnostiserast i eit laboratorium. Til no har psykiatrar og psykologar hevda at det er en psykiatrisk sjukdom. Påstanden bygger på elendig forsking som mellom anna har oppfatta konsekvensar av tilstanden som årsak.
For oss andre er det vel opplagt at en slik tilstand lett vil føra til isolasjon, bekymringar, depresjon ,frykt for stader og forsamlingar der lufta vil være forurensa av kjemiske forbindelsar som parfyme.
Parfymer inneheld stoff som nettopp grip inn i dei aktuelle biokjemiske prosessane der feilfunksjon på et vis er sjølvdrivande og kan gje langvarige plager. Personlig er eg forundra over at dei risikantane med kjemisk miljøintoleranse som eg har hatt kontakt med, verkar så psykisk normale, trass stresset dei lever under.

- Kor utbredt er denne lidinga?
- Eg har hatt kontakt med eit hundretals personar som eg kallar risikantar - og ikkje pasientar - sidan dei er helt friske når miljøet er reint nok. Men då denne tilstanden ikkje vert registrert i Noreg, veit me ikkje noe om kor utbredt dette er i landet vårt. Slik vil det fortsetja så lenge me ikkje har nokon medisinsk godkjent diagnose, i motsetning til land som Tyskland og Austerrike.

- Kvar bør folk venda seg om dei mistenker at dei kan vera ramma av denne sjukdomen?
- Risikantane har det problemet at dei kan misforståast av både leg og lærd. Nokre er heldige og møter fastlegar som lyttar med eit ope sinn i forhold til mysteria i biokjemien. Det er gjerne mest sannsynleg å møta forståing hjå ein arbeidsmedisinar som ser en del tilfelle starta av yrkeseksponeringer.

- Dei som ønskjer å vita meir om sjukdomen kan gå inn på www.inneklima.com -.

(Sist oppdatert 11.mai, 2011).
Artikkelen er her gjengitt av Kjell Aas.

Utskriftsvennlig versjon





DU ER HER :

ForsideHelse i kvar planke

 

AKTUELLE KATEGORIER :
generelt om innemiljø i skoler og barnehager
egen bolig
generelt om innemiljø og helse
kjemiske agens
materialer og byggeprosesser
sykdom og helseeffekter